Lesarinnlegg om RO-rapporten

- Ha tillit til fagfolk i Stranda kommune

Den dårlege tilstanden på Solbakken-bygget ga startskotet til RO-prosjektet. Arkivfoto  Foto: Eivind Louis Helset

Meiningar

Stranda kommune har set ned ei arbeidsgruppe bestående av fagfolk innanfor dei ulike fagområda som skal sjå på, og legge fram eit forslag som seier noko om korleis vi skal dimensjonere dei framtidige tenestene innanfor eldreomsorg.

Arbeidet er svært samansett og er innom emner som velferdsteknologi, arbeidstider, demografi(ei framskriving av alderssamansettinga) , ulike former for lavterskeltilbod, tilrettelegging i den einskilde heim og reine sjukeheimstenester.

Stranda Høgre støttar alt arbeid som inneber nytenking i offentlig sektor, og vi skuldar våre dyktige fagfolk at dei må få legge fram sin rapport før vi som politikarar tek stilling til innholdet.

Like viktig som resultatet av rapporten er argumentasjonen for kvifor arbeidsgruppa konkluderer som dei gjer. Det er desse momenta vi som politikarar må ta med oss vidare i prosessen.

Vi kan ikkje med vår beste vilje forstå kva motiv ei gruppe fagfolk skulle ha for å underdimensjonere tenestene i sitt eige fagområde.

Det er lite truleg at rapporten vert vedtatt utan endringar, for det er framleis ikkje lagt fram tal på kva desse framlegga vil koste, hverken i drift eller i investering.

Vi som politikarar er til for å tene innbyggjarane best mogleg, og Stranda Høgre inviterer dei av våre veljarar som meiner noko i denne saka til å ta kontakt med oss, etter at det er halde folkemøter i bygdelaga.

Vi oppmodar alle om å møte opp på folkemøta som vert halde i nær framtid.

Ei sak er resultatet av ein slik prossess, ei anna sak er prosessen i seg sjølv. Det er viktig å støtte opp under alle initiativ der tilsette set seg i modus til å tenke nytt. Skal vi greie å møte dei framtidige krav til tenester, er vi i Høgre overtydd om at vi må ha fleire slike prosessar, også innan andre fagområde.

Kanskje det er på tide å la dei tilsette sjå på korleis vi organiserer oss innanfor oppvekstområdet.

Vi kan då kanskje få ei betre samhandling mellom barnehage og skule med tanke om å skaffe eit optimalt utdanningsløp for alle born, og der vi lettare kan fange opp dei borna som står i fare for å falle utanfor, faglig eller sosialt.