– Nei, vi har ikkje tatt inn 100 millionar i eigedomsskatt

- Frå innføringa av eigedomsskatten i 2013 og fram til 2018 er den totale inntekta 79,4 mill, ikkje hundre millionar kroner, seier Jan Ove Tryggestad (Sp) i lesarinnlegget. 

  Foto: Johan Behrentz

Meiningar

Gjennom innlegg og ulike påstandar om bruken av eigedomskatt i Stranda kommune , er det behov for å kome nokre avklaringar rundt den faktiske bruken av denne skatten.

Frå innføringa av eigedomsskatten i 2013 og fram til 2018 er den totale inntekta 79,4 mill. Av dette er det brukt 50,8 mill. til inndekning av det akkumulerte driftsunderskotet.

Vi står att med ein differanse på 28,6 mill. Kommunestyret har sett av 16,8 mill. til disposisjonsfond, og det som er igjen på omlag 11,8 mill. er brukt til drifta av Stranda kommune. Fordelt over desse 6 åra vert det knappe 2 mill. i året.

Desse midlane har gått mellom anna til å styrke grunnskulen, og ikkje minst nye oppgåver til eininga Hab- Rehab.

Påstandane om uvettig pengebruk fell såleis på si eiga urimelegheit.

Den vidare bruken av eigedomsskatten vil verte behovsprøvd, og gjenstand for kritisk vurdering av komande kommunestyre i Stranda.

Med tanke på dei ulike tiltaka som partia har lansert i valkampen, er det frå ordføraren og Senterpartiet rimeleg klart at eigedomskatt vil vere eit avgjerande reiskap for komande budsjettrunder.

Vi har gjennom åtte år med Senterpartiet vist styringsvilje og moderasjon, og dette vil også vere vår hovedlinje i dei komande åra.