Lesarinnlegg

Eigedomsskatten er brukt opp

Stranda Kommune: Jane Solheimsnes vil tiltre som ny kommunalsjef for helse og omsorg 1. mai 2019.  Foto: Vidar Eliassen

Tiltak: Frank Sve meiner bompengar vil ha liten effekt for bilturismen til Geiranger.  Foto: Frp

Meiningar


95 millionar kroner i eigedomsskatt er teke inn, inkl 2019, og når SP fortsetter med denne skatten no også neste år, har kommunen teke inn 110,5 mill kroner.

Ja, det vart 5 million kroner for mykje i mine eigedomsskatteanslag, og dette med bakgrunn i at fyrste året i 2013 var det 2 promille.

Ordføraren hevdar at pengane er sett av i disposisjonsfond, dette er regelrett «bløff»!

Her er eit utdrag av rekneskapssaka for 2018, sitat:

«Det er ikkje ført avsetningar til disposisjonsfondet ved avslutninga av rekneskapen for 2018. Det er ført bruk av disposisjonsfond med NOK4.193.226.-i rekneskapen for 2018. Disposisjonsfondet utgjer ved avslutninga av rekneskapen for 2018 NOK 1.177.365.»

Pengane er brukt opp, og 45 million kroner som er teke inn urettmessig ut over 50 mill i underskot, er ikkje brukt på skule, men regelrett «oppgiring» av administrasjon og unødvendige prosjekt.

SP og dagens ordførar ynskjer å loppe di lommebok for 15,5 million kroner også i åra som kjem.

Eit hus er ein heim, ikkje eit skatteobjekt.

Frp meiner at eigedomsskatten skal vekk, og det er ditt valg den 9 september !