Lesarinnlegg

- Kirkevalet er viktig

Val i alle sokn: Under kyrkjevalet er du med på å velge korleis kyrkja skal vere famover. Foto: Eivind Louis Helset  Foto: Eivind Louis Helset

Therese Utgård: Fyrstekandidat for Åpen folkekirke. Foto: Staale Wattø  Foto: Staale Wattø

Meiningar


Kva skal du stemme i Kirkevalget?

For du skal vel stemme? Same dag som dei politiske vala er det nemleg Kirkeval.

Alle som er døpte er medlem i kirka, og ein har stemmerett fra det året ein fyller 15 år. Kirkevalet er i "nærliggande lokale" som dei politiske vala. Det betyr ofte at Kirkevalet er i same bygning, men i eit anna rom, enn dei politiske vala. Ein treng berre ha med legitimasjon for å kunne stemme.

Kirkevalet er viktig

For korleis skal kirka vere? Skal homofile få gifte i kirka? Skal ein kunne vere prest sjølv om ein er gift med ein av same kjønn? Skal kirka ha ei meining i klima- og flykningespørsmål?

Om ein går ofte eller sjeldan i kirka, har dei fleste ein meining om kva kirka er og gjer. Vi såg t. d. at då kirka i 2014 sa nei til at homofile fekk gifte seg i kirka, melde mange seg ut i protest.

I 2015 fekk Åpen folkekirke fleirtal i Kirkevalet, og vi fekk vedteke likekjønna vigsel. Endeleg kunne ALLE par feire kjærleiken i kirka!

No står mykje av dette på spel igjen. I årets Kirkeval stiller 3 lister til val av bispedømeråd. Dei 3 listene er Åpen folkekirke, Nominasjonskomiteen si liste, og Bønnelista.

(Til val av sokneråd stiller kun èi liste/personval, og dette innlegget gjeld berre val til bispedømeråd).

Vi er garantisten for ei inkluderande kirke

Eg representerer Åpen folkekirke. Vi er for ei kirke der ALLE kan kjenne seg heime. Vi vil ikkje ha noko skille mellom «utanfor» og «innanfor» i kirka. Vi er den einaste garantisten for at likekjønna par framleis kan gifte seg i kirka. Vi vil også fjerne den diskriminerande utlysningsteksten til Møre bispedøme.

Hos oss er det nemleg slik at «samlivsform vil bli etterspurt og kan bli vektlagt» ved prestetilsetjingar. Dette rammar spesielt homofile prestar.

Vi meiner imidlertid at kvalifikasjonar, ikkje kjønnet på kjæresten til presten, skal avgjere om ein får jobben som prest eller ei!

Ein kan gi kryss/kumuleringer på inntil 3 personar, på den lista ein vel.

Hos oss i Åpen folkekirke står alle kandidatar på eit felles program. Så same kven som blir innvalgt frå vår liste, er veljarar trygge på at vi står for det same.

Nominasjonskomiteens liste består av både liberale og konservative kandidatar, utan felles program. Problemet er at veljarane ikkje kan vite KVEN som kjem inn frå denne lista. Ei stemme til ein liberal kandidat her, kan føre til at ein konservativ blir valgt inn - og omvendt. Pga ein kumuleringsaksjon frå eit konservativ nettverk, vil truleg berre konservative kandidater bli valgt inn herfrå. Ei stemme til denne lista, er altså ei nokså usikker stemme.

Bønnelista kan kallast ei konservativ liste, og kandidatane står på ein felles plattform. Dei vil ta kirka i ein konservativ retning, og fleire av kandidatane vil fjerne retten for homofile til å gifte seg og arbeide som prestar i kirka.

Kirkevalet utgjer ein forskjell

Eg håper sjølvsagt du vel Åpen folkekirke si liste. Og eg håper dei som ellers støttar skeive sin kamp mot diskriminering, vil vere med å utgjere ein forskjell i kirka også. Det er ei god, solidarisk handling.

Ved å stemme i Kirkevalet, er du med på å avgjere i kva retning kirka skal gå. Ønsker du ei åpen og inkluderande kirke, vil eg anbefale å stemme Åpen folkekirke i valet.

Godt Kirkeval!