Lesarinnlegg om postvegen

Ein jobb det står respekt av

Petter Hjørungdal har fylgt arbeidet med å ruste opp postvegen på nært hald. Her ser vi han saman med sherpaene Dawa Tenzing Sherpa og Magar Dilli og maskinførar Marcin Erber.   Foto: Arne Inge Tryggestad

Meiningar

Stranda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og staten bør rette ei varm takk til idealistane i Ljøbrekkas Vener, først og fremst for initiativet med å heve standarden på den gamle postvegen, men like mykje for at dei har fullført prosjektet.

Det står respekt av arbeidet som er gjennomført.

Investeringa på 11 millionar kroner fortel mykje, men ikkje alt. Her skal nemnast all dugnadsinnsatsen og alle timane som er brukt på grubling for å legge til rette for arbeid som måtte gjerast. Og skaffe nødvendig arbeidskraft.

I dag veit vi at dyktige personar har kome frå både inn- og utland. Vi må ikkje gløyme all spenninga som den finansielle sida har påført idealistane.

Eg – og vonleg mange med meg – bøyer hovudet i djup respekt.

Råsa over fjellet mellom Herdalen og Ljøen representerer meir enn ei naturoppleving. Den er omfatta av historisk sus. Også derfor er arbeidet med restaureringa av nasjonal verdi.

Råsa vart første gong offisielt kjend i samband med at den første postsending vart ført over land mellom Bjørgvin (Bergen) og Nidaros (Trondheim), 13. mai 1785. Den vart omtala som, kanskje også døypt, «Den trondhjemske postvei».

Sikkert er det at parsellen vart sett på som ein av dei mest krevjande med sine 780 meter over havnivå, kanskje den mest frykta vinterstid.

I bratta mellom Brekka og Øvste Herdalsvatnet måtte postførarane streve seg fram i djupsnø og snøstorm med hjelp av eit 245 meter langt tau.

I slike situasjonar var dei 21 hårnålsvingane – gjerne omtala som serpentinersvingane – til lite nytte.

Historisk sett har Ljøbrekka vore eit ynda turmål, og aktiviteten har ikkje vorte mindre med åra.

At endå fleire store og små vil velje å legge søndagsturen over Brekka, vil kome som fylgje av den innsatsen som er lagt ned i utbetring. Og den omtalen arbeidet har ført med seg.

I lang tid har Ljøbrekka og den enkle tilkomsten til dette framifrå naturområdet, vore omfatta med interesse.

Hit har familiar lagt ut på tur, hit har organisasjonar og grupper av ulikt slag arrangert utflukter. Som speidar låg vi i telt nær kanten av vatnet, og levde vårt eige villmannsliv kring leirbålet.

Vi hugar hotelleigar Frode Holm-Haagensen velje Ljøbrekka som mål for sine reisefylgje, og at kollegaen hans, Roger Granum, ivra for oppgradering av postvegen, som leiar av reiselivslaget.

Fleire somrar stod Posten som arrangør av «postmarsjen» over Ljøbrekka under Hellesyltdagane, og ein oppglødd funksjonær, John Arne Langeland, kunne sitje ved endeposten på Ljøen og notere stigande oppslutning kvar gong. Og postmeister Roy Hoem sine engasjerte kåseri til grupper på historisk vandring.

Mange år seinare var Ljøbrekkas Vener ein realitet takka vere personar med interesse for å gjere ein innsats.

Ein skal vise varsemd med å spreie honnør til einskildpersonar når fleire har stått for eit flott resultat, men her vel vi å bryte med den stillteiande regelen.

Det er heva over tvil at viljen og pågangsmotet til Petter Hjørungdal bør trekkast fram.

Vi som kjenner han veit  at bestemmer han seg for å gjere ein innsats, kjem resultatet som fylgje av dette.

Han såg behovet for å utbetre den spesielle råsa og hadde evne til å søkje samarbeid med dyktige personar.

Saman har dei utført ein framifrå innsats som vil vere til nytte og glede for mange. Neste sommar kan flokken markere at arbeidet er fullført.

Vi kan føle oss trygge på at postvegen vil bli til glede for ein stendig veksande flokk fjellvandrarar av nær sagt alle slag.

Gratulerer, Ljøbrekkas Vener for vel utført arbeid.