Lesarinnlegg om fylkesøkonomien

Alt skal bli så "robust"

Illustrasjonsfoto: Colourbox 

Meiningar


Fylkeskommunen har økonomiske problem og må kutte i mange gode tiltak som skaper sinne i kommunane. Slik også i Stranda der det mest alvorlege forslag er nedlegging av idrettslinja ved den vidaregåande skulen.

Men så er det ei anna sak som ikkje ser ut til å gjelde pengar, men som likevel slår veldig uheldig ut for mange i Stranda.

Det har sitt opphav i ordet "robust". For dagens regjering blei dette eit ekstra populært ord då kommunar skulle bli større og nye regionar skulle byggast.

Ved desse endringane skulle alt bli så robust.

No har dette fyndord smitta over til fylket og folketannrøkta.

Sunnmørsposten skriv at fylkestannlegen vil legge ned 18 av 35 tannklinikkar.

Større og meir robuste fagmiljø er nødvendig. Det trengst mange nye tannlegar og desse ønskjer seg eit større miljø.

Åtte klinikkar skal leggast ned på Sunnmøre, mellom dei Stranda.

Men så skal det kome ein større klinikk i Sykkylven og Valldal lever vidare.

Dette er sentralisering.

Resultatet blir tragisk for Stranda. Spesielt foreldre i utkantbygdene i Sunnylven som må ta med borna til Sykkylven eller Valldal. Mange privatpersonar, særleg pensjonistar har brukt klinikken på Stranda. Det blir ikkje små ekstrakostnader både ved reiser og tapt arbeidsforteneste.

Eg har i fleire år nytta folketannrøkta i Stranda. Det er berre godt å seie om dei tenester som er utført. Vi treng ikkje noko meir "robust". At det kan vere vanskar med å skaffe tannlegar, kan eg forstå. Utanlandske tannlegar har vore tilsette, men også desse har vore absolutt flinke.

Våre fylkespolitikarar må vise musklar for å sikre klinikken i Stranda. Den har høg standard og det blir eit kjempetap for skuleborn, ungdom, pensjonistar og mange andre om den forsvinn.

Frå eldre tider har ikkje den norske tannhelsa vore god. Første del av 1900-talet var det stor mangel på tannlegar, dette ramma spesiell distrikta. For å sikre betre tannlegedekning var det regjeringa Gerhardsen i 1949 sørga for lova om Folketannrøkt, oppbygginga starta i Finnmark og utvikla seg vidare sørover, men det gjekk for sein.

I 1956 kom midlertidig lov om tenesteplikt for nyutdanna tannlegar. Denne lova blei avvikla i 1973. I 1984 kom regelverket om gratis tannhjelp for alle frå 0 til 18 år, i tillegg grupper med spesielle helseproblem. I alle år har desentralisering for folketannrøkta vore viktig sak.

Derfor er det blitt mange mindre klinikkar landet rundt.

Det har vore viktig at folk skulle ha god tilgang i nærmiljøet. No kjem eit alvorleg brot på denne linja som er så viktig for folk flest.

Dette dreiar seg ikkje om pengar, men kamp mot sentralisering.