Lesarinnlegg om kutt i vidaregåande utdanning

Legge ned restaurant- og matfag på Stranda?

Arkivfoto: Renate Furre Henriksen-Sandvær 

Meiningar

Vi går studieretninga restaurant og matfag ved den vidaregåande skulen i sjølvaste matbygda Stranda.

På Stranda har vi godt samarbeid med dei lokale bedriftene, og 100 prosent fullføringsgrad på linja!

Vi har også folk som går ut i forskjellige yrke, fordi skulen tilbyr alle 12 retningane innan studietilbodet.

Det høyrest no perfekt ut, men likevel meiner enkelte at vi burde legge ned linja.

Stranda vgs har både god trivsel og 100 prosent fullføringsgrad ved linja vår. I fjor fekk alle avgangselevane ved linja vår lærlingplass. Vi får grundig gjennomgang av alle yrkesvala innanfor både matfag og kokk- & servitørfag.

Vi prøver ulike yrke i praksis – frå plass på Juvet Landscape i Valldal via omsorgssenteret på Stranda og heilt ut til meieriet i Ålesund. Vi har også folk i praksis på for eksempel Grillstad. For bedriftene veit at vi stiller opp, veit vi har gode arbeidsvaner, og det viktigaste: Dei veit dei kjem til å trenge faglærde i framtida.

Kven vil vel at bestemora deira skal vere avhengig av mat laga av ein ulærd institusjonskokk? I media blir det trekt fram at ein treng helsefagarbeidarar, men kva er vel vitsen med det om ingen kan lage maten? Vi er avhengige av begge yrka.

Personar som går ut av skular frå byane, vil sjeldan kome til bygdene for å jobbe.

Vi har tverrfagleg samarbeid i entreprenørskap. Alle elevar som går på RM på Stranda er så heldige at dei får ha entreprenørskap, der vi samarbeider med 2. klasse studiespesialiserande, om å lage eit produkt.

I år har vi to ungdomsbedrifter som skal lage kvar sitt produkt. I år er begge produkta økologiske og har minst mogleg allergen.

Vi samarbeider med bønder frå Sykkylven, noko som er mogleg fordi vi har eit godt rykte.

Bedriftene stoler rett å slett på oss.

Ungdomsbedriftene har tidlegare prestert bra både på fylkesmessene og landsmessene.

I ein artikkel i Sunnmøringen uttaler seks bedrifter frå Stranda kommune seg om saken.

Der dei blant anna seier:

Motivert og faglært arbeidskraft er heil avgjerande for å lukkast framover – Både for å skape ein effektiv og kvalitetsorientert industri og for å sikre gode matopplevingar som ein viktig del av reiselivsproduktet.

Bedriftene som uttaler seg er Orkla Foods Norge, Norsk Sjømat, Ole Ringdal, Stranda Hotel, Hotel Union Geiranger og Grilstad. Dei nemner også at interessa for faget har auka, og er no på topp.

I år var det heile 26 ungdommar på hospitering hos oss.

Restaurant- og matfag på Stranda har ei aukande interesse, har eit godt samarbeid med dei lokale bedriftene og presterer godt.

Bedriftene seier dei er avhengige av oss.

Det gir ingen meining å legge ned linja.

Norge er avhengige av faglærde, Møre og Romsdal er avhengige av det og Stranda er avhengige av linja!