«Gullstandard» i laksebestanden

Skikkeleg Strandalaks på 8,2 kilo. Fiska 29 juni i år.  Foto: Frank Sve

Meiningar

Frp: Frank Sve, gruppeleiar Stranda Framstegsparti.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Petter Korsedal hadde eit innlegg om livet i fjorden som eg har tenkt å svare litt på.

Korsedal er ein vettug kar som eg både har respekt for at han har stor viten om mykje, og heilt sikkert veit han mykje om livet i fjorden også.

Han etterlyser også min kompetanse på området, og han har også litt omtale om livet i formannskapet osb.

Petter Korsedal bommar stort på sine uttalelser vedrørande villaksbestanden i vårt område.

Korsedal skriver at før kunne ein få laks på dorg, noko som no var umogeleg no for tida.

Eg har vore svært aktiv laksefisker i Storelva i meir enn 40 år og mengda laks som no er i både Storelva men også i Korsbrekkelva, skal ein mange tiår tilbake for å finne.

Flott vill strandalaks er det vi får, omtrent utan ei einaste lakselus.

Korleis heng dette ihop med dommedagsprofetien vedrørande Storfjorden sitt miljø?

Lakseyngelen kjem seg fint ut i fjorden og vandrar vidare opp langs Norskekysten til beiteområda ikring Grønland, og returnerar i tusental inn den same fjorden og opp igjen i elevane våre.

Om alt skulle vore så kolsvart, kvifor er villaksebestanden friskare no enn på svært mange tiår?

Eg har ikkje fiska mykje i år, men har knapt nok sett meir fisk i elva. Fangsstatistikkane i elevane lyg ikkje.

Dersom Roger Hofseth skulle slå seg på dorging etter laks inne i Storfjorden, ville han sannsynligvis gjort suksess der også for tida.

Så litt om laksenæringa si betydning for Stranda kommune.

Nokre av kommunen sine største skatteytarar driver innan denne næringa. Sjølv om ikkje all bearbeidd fisk her i bygda kjem frå anlegg i Storfjorden, kan vi ikkje oppføre oss slik at det er svært med arbeidsplassar og skatteinntekter frå lakseindustrien berre oppdrettsanlegga ikkje ligg i vår fjord.

Norsk Sjømat AS er Stranda si desidert største bedrift, og Platina Seafood AS bidreg også betydelig inn i kommunekassa.

I tillegg er eigarane av våre store bedrifter skikkeleg Strandapatriotar og investerer fantastisk mykje på mange andre område, slik som Strandafjellet, hotell og turistnæring.

Ikkje minst er dei fantastiske med støtte til bygdesamfunnet sitt frivillige arbeid og idrett.

Satsinga som både Norsk Sjømat og Roger Hofseth med fleire planlegg inne i vårt område, kan ikkje vere anna enn positivt. Ein skal vere bra negativ for å meine noko anna.

Så registrerte eg ikkje Petter Korsedal som tilhøyrar i det omtalte formannskapsmøtet.

Men eg registrerte ein eller anna person som tydeligvis var der for å observere livet i formannskapet, om vi satt fint og beint på stolen og holdt armar og bein i ro.

Nok om det. Uttalen om villaksbestanden til Korsedal er synonymt med kor lite eller mykje rett ein har ikring temaet miljøet i Storfjorden.

Iveren etter å svartmale kan fort ta overhand, slik som det tydeligvis gjorde vedrørande villiaksbestanden som både i omfang og helsetilstand ikkje har vore betre enn på svært lenge.

Dette er iallefall fakta og ikkje synsing.