Lesarinnlegg om Storfjorden og fiskeoppdrett

Dette er synsing, Frank Sve

Illustrasjonsfoto: Eugene Sergeev/Colourbox.com 

Meiningar

Eg vil tilbakevise påstandane til Frank Sve i sitt innlegg i Sunnmøringen.

I 50 år har innbyggarane i Stranda kome med kritiske spørsmål om oppdrett av laks/ørret i Storfjorden. Yrkesfiskarar som har fiska i fjorden i mange år har forsøkt å forklare kommune og mattilsyn problemet med forureininga frå oppdrettsanlegga, men har ikkje fått forståing for det.

Frå 50-talet og framover til 70-talet brukte Stranda kommune Oshammaren til dumpingplass av søppel i fjorden.

Utanfor her er fjorden over 600 meter djup. I dag grøssar vi ved tanken.

Men Hofseth Aqua har om lag same strategien no som kommunen hadde då: Firmaet tenkjer å plassere anlegget sitt der sjøen er djup, og då spør Kjell Koppang med god grunn kvar kloakken blir av.

Frank Sve burde kanskje stille kritiske spørsmål han og.

Med si store djupne er Storfjorden eit enormt basseng. Derfor vil det ta svært lang tid å fornye vassmengda i fjorden.

Her kan eg nemne Hornindalsvatnet, den djupaste innsjøen i Nord Europa, som eit døme. Forskarar har funne ut at det vil ta rundt 16 år å skifte ut vatnet.

Storfjorden er mange gongar så stor i volum.

Frank Sve burde vere klar over at utan iherdig kultivering ville Strandaelva og Korsbrekkelva svært truleg vere stengde i dag.

Villaksbestanden har i Frank Sve sitt hovud visst aldri vore betre. Han burde sette seg inn i kva forskninga har funne ut.

Eg viser til Vitskapeleg råd for lakseforvaltning sin rapport for 2020 som m.a. viser at norsk villaks i havet er meir enn halvert sidan 1980-talet. Rapporten gjer det også klart at opprettslaksen står for fleire av dei største truslane mot villaksen.

Sve burde studere denne rapporten nøye!

Eg viser og til observasjonar som Tore Koppang, og andre, har gjort om endringane i fjorden.

Av forureiningane dei siste 50-åra har eg lyst til å nemne særleg bruk av kjemikalier og medisinering, dumping av sjuk fisk, avlusing med hydrogenperoksid og varmebehandling av fisk for avlusing.

I tillegg til alt dette har vi problemet med røming av oppdrettsfisk, noko som er ein fare for genetiske endringar av villaksen. Dette er og påvist i rapporten til vitskapsrådet.

Det er eit faktum at lakselusa har ypperlege oppvekstforhold i mærane.

Di fleire mærer di meir lus, og lusa er årsak til auka laksedød. Talet på kritisk trua bestandar har auka seier rapporten.

Petter Korsadal sine påstandar er nok rette.

Det er Frank Sve som synsar. Når han hevdar at villaksbestanden er friskare enn på svært mange tiår så er dette det stikk motsatte av kva vitskapleg forsking viser.

Slik er det når ein ikkje veit kva ein snakkar om.

Miljødirektoratet har nyleg sendt ut eit forslag til høyring når det gjeld fiske etter villaks.

Frå 2021 kan det bli tillatt med laksefiske i kun 440 vassdrag av 1284. I tillegg kjem strengare bestemmelsar for bruk av fast reiskap i sjø.

Årsak: villaksen er i fare.

Tenk om Strandaelva og Korsbrekkelva ikkje blir blant dei 440!

Eg vil oppfordre politikarane våre, inklusive Frank Sve, å setje seg inn i rapporten frå Vitskapleg råd for lakseforvaltning, og også kva som er grunngjevinga til Miljødirektoratet sitt forslag til avgrensing av sjølaksefiske.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meiningar