Lesarinnlegg frå Kjell Even Vågsæter, STranda

Felles akvaplan for Storfjorden trengst

Etterlyser akvaplan for Storfjorden.  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Meiningar

Tenk at vi har hatt 50 år med oppdrett utan at politikarane i Storfjordkommunane har stilt miljøkrav til oppdrettarane for å redusere forureininga av fjorden! Men Sykkylven kommune fortener ros for sitt vedtak om å få laga ein felles kommunal akvaplan for heile Storfjorden. Formannskapet i Stranda kommune valde å banke gjennom eit ja til nytt oppdrettsanlegg utfor Skafjellet utan at kommunestyret fekk uttale seg i det heile. Takk til dei to som stemde imot!

Eit minimumskrav burde vere at kommunane krev lukka anlegg i heile Storfjorden. Då er det avgjerande å stoppe nyetableringar av nye opne anlegg. Derfor er det så viktig at kommunane får utarbeidd ein felles akvaplan for heile fjordområdet der omsynet til rein fjord får prioritet.

Eit lite pluss til Roger Hofseths kommentar i Sunnmørsposten nyleg om lukka merdar. På meg verkar dette litt «feilplassert» då det burde kome som krav frå kommunane.

Eg vil nemne Tromsø som døme på ei kommune med god oppdrettsforvaltning. Der har dei teke konsekvensen av miljøproblema som oppdrettsnæringa har ført med seg og vedteke at all ny etablering skal skje i lukka anlegg. Også eksisterande opne anlegg skal på sikt konverterast til lukka anlegg.

Eg vil også vise til Osterøy kommune som, med velsigning av Fylkesmannen i Hordaland, vedtok det same i 2017. Kommunen hadde dyrkjøpt erfaring i Sørfjorden. Der vart det biologiske mangfaldet i ei sørgeleg forfatning som følgje av surstoffmangel. Truleg årsak er overgjødsling av spillfôr og laksemøkk.

Eit forskingsrapport gjort av Klif (Klima- og forskingsdirektoratet) sjokkerer:

Eit oppdrettsanlegg på 3120 tonn oppdrettsfisk har eit kloakkutslepp som svarar til kloakkutsleppet frå 50 000 menneske! Det tiltenkte anlegget utfor Skafjellet skal produsere 3900 tonn! Og så kan ein plusse på utsleppa frå dei andre anlegga i fjorden. Dette skulle i seg sjølv vere rikeleg argument til å avgrense mengda av anlegg i fjorden og kreve ombygging til lukka anlegg for dei eksisterande! For å få dette til krevst det ein felles interkommunal akvaplan for heile Storfjorden. Då må Stranda kommune starte med å ta ut akvadelen for Urdaneset og Skafjellet i utkastet til arealplan som no skal vedtakast med det første. Hugs også at Storfjorden ligg i såkalla raud some som betyr at mengda av oppdrettsfisk skal reduserast!

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meiningar