Færre brukar alternativ behandling

Færre nordmenn oppgir at dei oppsøkjer og brukar alternativ behandling, ifølgje ei undersøking 
innenriks

Undersøkinga er gjort på oppdrag for Nasjonalt forskingssenter innan komplementær og alternativ medisin (NAFKAM). Den blir omtalt i Vårt Land, men vart først omtalt i fagbladet Sykepleien.

36 av dei spurde oppgir at dei har oppsøkt alternativ behandling, brukt urter og naturmiddel og sjølvhjelpsteknikkar det siste året. Talet inneber ein nedgang på 4 prosentpoeng frå 2014 då 40 prosent svarte ja på same spørsmål. 24 prosent oppgir at dei har oppsøkt ein alternativ behandlar i 2016.

– Færre oppsøkjer og brukar alternativ behandling, men dei som gjer det, brukar meir pengar, seier forskingsleiar Vinjar Fønnebø ved NAFKAM til Sykepleien.

I snitt oppgav dei spurde å ha brukt 708 kroner det siste året på å gå til alternativ behandlar. Overført på heile befolkninga svarar det til 3 milliardar kroner.

Mest vanleg er det å gå til massasje, noko 11,9 prosent svarar at dei har gjort. Deretter følgjer akupunktur (3,6 prosent), naprapati (2,6 prosent), soneterapi (1,7 prosent), osteopati (1,2 prosent), kopping (1,2 prosent), healing (1,1 prosent), homøopati (0,8 prosent), kinesiologi (0,6 prosent) og anna (1,8 prosent).

(©NPK)