Forskarar fann ubåt i Byfjorden i Bergen

Forskarar søkte tysdag etter vraket av ubåten Nautilus i Byfjorden i Bergen og fann det på 340 meters djup.
innenriks

Tysdag formiddag kom forskingsskipet G.O Sars etter ein lengre ekspedisjon i Norskehavet ved Svalbard. Om bord var undervassroboten Ægir 6000 som kan dykka med kamera ned til 6.000 meter, skriv Bergens Tidende.

– Ubåtvraket som ligg ved Helleneset, er eit godt testmål og representerer spennande forskingshistorie, seier prosjektleiar Rolf Birger Pedersen frå Universitetet i Bergen.

Nautilus blei bygd i 1917 av den amerikanske marinen. I 1931 ønskte den australske eventyraren Sir Hubert Wilkins å bruka han til å nå Nordpolen. Harald Sverdrup frå Geofysisk institutt i Bergen var med som vitskapleg leiar.

– Det var eit vanvitig prosjekt, i den forstand at dei skulle reisa i ein blikkboks til Nordpolen, seier Harald Dag Jølle frå Norsk Polarinstitutt.

Då ubåten kom tilbake til ­Bergen, omtalte norsk presse toktet som totalt mislykka. Ifølgje Pedersen blei ubåten senka i Byfjorden fordi det var dyrt å senda han tilbake til USA.

(©NPK)