Rapport: Norsk fiskerinæring i stadig framgang

Ringverknadane av fiskerinæringa fortset å auke. Kvar krone omsett i fiskeri skaper no nesten fem gonger så store verdiar elles i samfunnet, viser rapport.
innenriks

– Vi er svært godt tilfreds med utviklinga og ringverknadane av næringa. Utviklinga har dei siste åra forsterka betydninga av fiskerinæringa for nasjonen, seier leiar Kjell Ingebrigtsen i Norges Fiskarlag.

Onsdag presenterte Sintef Ocean rapporten «Fiskeflåtens bidrag til samfunnsøkonomisk verdiskaping», som viser at næringa har styrkt sin posisjon som bidragsytar til samfunnsøkonomisk verdiskaping dei siste åra.

Tala frå den nye undersøkinga er basert på resultata i næringa frå i fjor. Førre ringverknadsanalyse vart gjort med tal frå 2014. Sidan då har produksjonsverdien auka med 25 prosent.

Kvar krone omsett i 2014 skapte 3,5 gonger så stor verdi elles i samfunnet, mens dette talet no har auka til 4,88.

Samla verdiskaping inkludert ringverknader i fiskerinæringa var i 2016 på 35,1 milliardar kroner, ein oppgang på 30 prosent frå 2014.

Den fiskeribaserte verdikjeda representerer ei sysselsetting på 27.280 årsverk. Det betyr at kvart årsverk som blir utført av ein fiskar skaper 2,14 andre årsverk.

Talet på fiskarar har også auka noko dei siste åra. Det er om lag 10.000 registrerte fiskarar i Noreg. I fjor produserte dei tilsvarande 8.700 årsverk.

Analysen vart lagt fram under arrangementet «Norsk villfisk mot nye høgder» som Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd arrangerte under Arendalsveka onsdag.

(©NPK)