Tyrkisk forskar får menneskerettsprisen til UiO

Professor Ishtar Gözaydin får menneskerettspris frå Universitetet i Oslo. I september startar ei rettssak som kan gi henne 15 år i fengsel.
innenriks

– Ishtar Gözaydin er ein svært verdig vinnar av menneskerettsprisen til UiO. Ho er ein dyktig akademikar, aktiv samfunnsdebattant og ein forkjempar for ytringsfridom og menneskerettar. Til liks med mange akademikarar i Tyrkia er Gözaydin no i ein svært krevjande situasjon. Eg håpar verkeleg ho får moglegheit til å komme til Oslo for å ta imot prisen i november, seier rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Svein Stølen.

Juristen har mista stillinga si ved eit universitet i Tyrkia og har fått utreiseforbod fordi ho er skulda for å vere medlem i ei væpna terrorgruppe, skriv Uniforum. Rettssaka mot henne startar 12. september, og kan vare så lenge at den hindrar henne frå å delta i prisutdelinga i Oslo i november. Påtalemakta har nedlagt påstand om 15 års fengsel.

Over 100.000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine i Tyrkia i kjølvatnet av kuppforsøket i juli 2016 fordi dei blir skulda for å vere tilhengjarar av predikanten Fethullah Gülen.

(©NPK)