Statoil fann skipsvrak frå krigen

Frakteskipet Rheinhausen vart torpedert av britane under andre verdskrigen og sokk i Boknafjorden. No er truleg skipsvraket funne av Statoil etter 73 år. 
innenriks

Statoil skal legge kraftkablar til Johan Sverdrup-feltet og har derfor gjort havundersøkingar i fjorden. På 500 meters djup kom dei over skipsvraket, ifølgje NRK.

Selskapet kontakta arkeologar som har sett på saka.

– Vi har gjort fleire undersøkingar om skipet. Blant anna tok vi kontakt med lokalhistorikarar og leitte gjennom arkiv i England. Til slutt konkluderte vi med at dette var Rheinhausen, fortel marinarkeolog Arild Skjæveland Vivås ved Stavanger museum.

Det norske frakteskipet segla under tysk flagg under krigen, og vart torpedert av den britiske ubåten HMS Taku i 1944. Alle som var om bord, kom seg av skipet før det sokk, og berre to personar vart skadde i angrepet.

– Funnet fortel om ein krigshistorie frå kysten vår under andre verdskrigen, der britiske ubåtar patruljerte fjordane og angreip tyske konvoiar, seier marinarkeologen.

(©NPK)