Lotterilisensar verdt milliardar delt ut etter loddtrekning

Tre aktørar er tildelt lisens til å drive landsomfattande spel og lotteri frå Lotteritilsynet. Lisensane blei tildelt ved loddtrekning.
innenriks

Dei tre aktørane som har fått lisens, er Stiftelsen WWF Verdens Naturfond og SOS-barnebyer, den andre aktøren er Right To Play og den tredje er Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet, melder NRK.

Plan Norge og Care Norge og Strømmestiftelsen tapte loddtrekninga som gir aktørane rett til å arrangere lotteri med ei årleg omsetning på inntil 300 millionar kroner i ni år framover.

Loddtrekninga skjedde i kontora til Lotteritilsynet i Førde i Sogn og Fjordane.

(©NPK)