Solide bonusutbetalingar til norske toppsjefar

25 av dei best betalte toppleiarane fekk til saman over 200 millionar kroner i bonus i fjor, mykje meir enn samla lønn på drygt 130 millionar kroner.
innenriks

Mange toppsjefar auka sine utbetalingar kraftig i fjor etter å ha fått meir i bonus enn i lønn frå selskapa dei leier. Av dei 25 sjefane med høgast bonus, var det heile 20 som hadde større bonus enn lønn, skriv Dagens Næringsliv.

Det går fram av ein gjennomgang avisa har gjort av utbetalingane i norske selskapet til lønn og bonus inkludert aksjeopsjonar til dei best betalte daglege leiarane i Noreg.

Professor Kjell G. Salvanes ved Noregs handelshøgskole har eit klart inntrykk av at bonusfesten har skote fart dei siste åra. Han trur hovudårsaka er tøffare kamp om talenta.

– Skal ein sikre seg dei aller beste toppleiarane – «superstjernene» – må ein tilby høg lønn. Og då er det lett å komme med ei lukrativ bonusordning på toppen av fastlønna. Bonus blir dermed eit viktig rekrutteringselement, seier han.

Han trur bonusfesten vil vare ved, men synest ikkje det er opplagt at gode bonusar nødvendigvis gjer at leiarar presterer betre.

(©NPK)