Au pair-karantene mot 21 personar i fjor

I 2017 blei 21 personar pålagt karantene for å ha misbrukt au pair-ordninga.
innenriks

Talet kjem frå Utlendingsdirektoratets (UDI) au pair-statistikk, som blei lagt fram måndag, skriv Klassekampen. I 2016 blei 29 personar pålagt karantene, mens UDI for tida vurderer karantene mot 43 personar. Karantenen mot au pair-vertar kan vare i inntil ti år.

I fjor blei det gitt 963 au pair-løyver, mot 1.181 i 2016.

Hjelpeorganisasjonen Caritas, som driver Au pair-senteret, trur det er mørketal når det gjeld misbruk av ordninga.

Gjennom siste fem månadene av 2017 registrerte organisasjonen 35 saker om mistrivnad, av dei 15 blei loggført som alvorlege. Vidare er 63 saker registrert på økonomi, ofte saker som går på feil i utbetaling av løn, skatt og feriepengar.

– I dei mest alvorlege sakene tilrådde vi au pairen å kontakte politiet eller UDI, men dei fleste ønskte ikkje å gjere det, seier Fernando Baez, juridisk rådgivar ved senteret.

(©NPK)