Fem personar drukna i februar

I februar drukna fem personar her i landet. Det er to fleire enn i same månaden i fjor.
innenriks

Hittil i år har tolv personar drukna, og alle er menn, opplyser Redningsselskapet.

I februar vart det sett kulderekordar fleire stader i landet, og låge temperaturar gjer at mange bruker isen til rekreasjon, fisking og som snarveg. Redningsselskapet ber folk om å ta forholdsreglar dersom dei skal ferdast på isen. I fjor drukna tre personar etter å ha gått gjennom isen.

– Det er særleg viktig å snakke med barn om tryggleik knytt til is og leik i nærleiken av islagde flater, seier kommunikasjonssjef Frode Pedersen i Redningsselskapet.

I 2017 drukna totalt 94 personar i Noreg.

(©NPK)