22. juli-støttegruppa ber om møte med Solberg

Leiaren for Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli ber om eit møte med statsminister Erna Solberg (H) for å diskutere Facebook-innlegget til Sylvi Listhaug.
innenriks

Ifølgje NRK skriv Lisbeth Røyneland på Facebook at den siste tida har vore vond å følgje både som etterlaten og som leiar for støttegruppa.

Ho skriv vidare at støttegruppa er avhengig av å ha eit profesjonelt forhold til regjeringa. Ho ber derfor om eit møte med statsminister Erna Solberg og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H). Ifølgje Røyneland skal begge ha svart positivt på initiativet.

Datoen for møtet er ikkje fastsett. I tillegg til å snakke om Facebook-innlegget til justisminister Sylvi Listhaug (Frp), skal møtet òg handle om fleire andre tema.

(©NPK)