Geologar fann kritiske forhold i rasområde på Osterøy

Geologar har gjort funn dei karakteriserer som kritiske ved ti eigedommar i bustadfeltet på Osterøy der ei kvinne mista livet i eit jordskred i desember i fjor.
innenriks

Etter ulykka i hordalandskommunen vart det gjennomført ei faresonekartlegging av bustadområdet på Votlo. Den viste at til saman elleve bustadhus ligg utsett til for enten jordskred eller steinsprang, skriv Bergens Tidende.

No presenterer kommunen ei utvida kartlegging som omfattar heile bustadfeltet på Votlo. Kartlegginga avdekkjer fleire alvorlege forhold ved ti av eigedommane i det somme stader bratte bustadfeltet.

Kommunen har sendt brev til innbyggjarane om gjennomgangen, som er utført av konsulentselskapet Sweco.

Ti eigedommar er plasserte i faregrad 3, som er den mest alvorlege. Det betyr, ifølgje konsulentselskapet, at forholda er kritiske og bør detaljvurderast og utbetrast, og at det sannsynlegvis må setjast i verk tiltak.

– Det er altfor tidleg å seie noko om dette no. Grunneigarane har knapt fått fordøydd notatet. Eg har ikkje fordøydd det sjølv heller, seier Dag Sveinung Åsheim, som har vore talsmann for bebuarane.

Gjennomgangen tar for seg både naturlege forhold og tiltak som huseigarane har utført på eigedommane, som fyllingar og graveskråningar. Føremålet har vore å avdekkje akutte stabilitetsproblem på eigedommane.

Osterøy kommune har gitt huseigarane det gjeld, ein månads frist til å informere om dei påviste forholda. Dei ber òg innbyggjarane seie frå om kva tiltak som må gjerast for å redusere risikoen.

(©NPK)