Mellom 50 og 70 stillingar skal bort når Maersk og Total blir slått saman

Total E & P Norge AS vil redusere staben med mellom 50 og 70 stillingar når dei slår seg saman med Maersk Oil Norway.
innenriks

– Både Totals oppkjøp av Maersk Oil og salet av Martin Linge-feltet til Statoil får konsekvensar for organisasjonen og bemanningsbehovet, seier kommunikasjonssjef Leif Harald Halvorsen i Total E & P Norge til Aftenbladet.

Dei tilsette i Total E & P Norge vart informerte om dei planlagde endringane i organisasjonen på eit allmøte tysdag.

– Vi prøver å løyse overtaligheita ved frivillig avgang. Det kjem tilbod om sluttpakkar. Kva som skjer om vi ikkje kjem i mål med frivillig avgang, tar vi stilling til dersom det blir aktuelt, seier Halvorsen.

Ifølgje Halvorsen er målet å ha ein ny, samanslått organisasjon på plass i midten av juni.

(©NPK)