12.000 elevar har sjekka svinn av gummi frå kunstgrasbaner

Elevar frå 285 skular har undersøkt 343 kunstgrasbaner. Dei registrerte både type gummi og kor mykje gummigranulat dei ufrivillig får med seg ut av bana.

Kunstgrasbana på Mona stadion på Stranda er i flittig bruk, og ei av banene der det har vorte registrert svinn av gummi.   Foto: Stine A. Bjørdal

innenriks

Kvar gong det vert spelt fotball på ein av Noregs kunstgrasbaner fraktar kvar spelar med seg to milliliter gummigranulat ut av bana. Det kan bety omtrent 65 tonn avfall som hamnar i naturen på eitt år – og mykje av dette er plastmateriale.

Dei nye tala på svinn av kunstgrasgummi kan Forskingsrådet takke over 12.000 elevar for. Elevane har deltatt i Forskingskampanjen og undersøkt kva slags gummikuler som vart brukt på sin nærmaste kunstgrasbane, i tillegg til at elevane målte kor mykje gummi som klistra seg til klede og sko etter ein kort fotballkamp.

Stranda vgs. sjekka kunstgrasbana på Mona stadion ved to høve i september i fjor. Resultatet av registreringa kan du sjå her.

Unike tal

– Undersøkinga vår gir unike tal på svinn av gummikuler som vert frakta bort frå banene med spelarar, og viser at enkle tiltak kan redusere denne forureiningskjelda, seier prosjektleiar Marit Møllhausen i pressemeldinga frå Forskingsrådet.

Fotballspelarar står ikkje for alt svinnet frå kunstgrasbaner, størstedelen av plastforureininga frå banene stammer frå avrenning med regnvatn, snømåking, vêr og vind.

– Vi meiner likevel at undersøkinga er viktig, seier Møllhausen.

– Det er i seg sjølv viktig at så mange elevar får eit innblikk i korleis forsking kan bidra til å løyse praktiske samfunnsproblem. Denne type «folkeforsking» er verdifullt både for forskingsinstitusjonane som kan ta resultata i bruk, og for deltakarane som får lære om forskingsmetodar, legg ho til.

144 kommunar var med

Bruken av kunstgrasbaner føyer seg inn i det store biletet av små og store kjelder til plastforureininga. Det er materiale frå gjenbrukte bildekk som er hyppigast i bruk på norske baner, og denne typen gummikuler vart registrert på 80 prosent av banene i undersøkinga.

Til saman sjekka elevane 343 fotballbaner fordelt på 144 kommunar over heile Noreg, og den ferske rapporten ligg altså føre no.

Forskingskampanjen vert driven av Forskingsrådet i samarbeid med Miljølære.no.

(©NPK)