Hydro trekte børsen opp i pluss

Norsk Hydro steig med nesten 8 prosent og bidrog til at hovudindeksen steig med 0,31 prosent til knapt 884 poeng onsdag.
innenriks

Nyheita om at Hydro hadde inngått ein langsiktig avtale om straum frå eit svensk vindkraftverk sende aksjen til aluminiumsprodusenten opp med 7,76 prosent onsdag. Avtalen går ut på kjøp av 0,66 terawattimar frå 2022 til 2041.

Namnet til Statoil blei tysdag endra til Equinor. Aksjen fall med 0,53 prosent gjennom dagen og enda på ein sluttkurs.

Den desiderte vinnaren på Oslo Børs onsdag var vegsikringsselskapet Saferoad Holding som spratt opp med 49,76 prosent etter eit oppkjøpstilbod frå FNS Capital som bydde 30,10 kroner per aksje. Tysdag blei aksjen i Saferoad omsett for 20,50 kroner.

Lakseselskapet Salmar blei den mest omsette på børsen onsdag, men kursen gjekk 4,26 prosent ned etter at storeigar Glomar AS selde alle aksjane sine i selskapet.

Elles gjekk både Telenor og DNB ned med høvesvis 0,12 og 0,68 prosent. Laksegiganten Marine Harvest gjekk opp 0,44 prosent. Drillselskapet Borr Drilling blei mykje omsett og steig 4,4 prosent og også oljeserviceselskapet Subsea 7 la på seg 4,86 prosent.

På børsane ute i Europa gjekk dei store børsane i pluss. CAC 40 i Paris enda opp 0,30 prosent, og DAX 30 i Frankfurt steig 0,18 prosent. FTSE-indeksen i London steig 0,26 prosent.

Prisen på nordsjøolje var onsdag ettermiddag 78,20 dollar mens amerikansk lettolje gjekk noko tilbake og blei omsett for 71,12 dollar.

(©NPK)