Over 6.000 statstilsette kan gå ut i streik neste veke

Mange studentar risikerer å ikkje få gå opp til eksamen viss det blir streik i staten neste veke. Ein streik vil også ramma Nav, politiet og fleire fengsel. 
innenriks

Forhandlingane i statsoppgjeret braut saman i slutten av april, og partane møtest tysdag til mekling hos Riksmeklaren. Dei fire samanslutningane LO stat, Unio, Akademikerne og YS har varsla at dei til saman vil ta ut rundt 6.200 i streik frå torsdag morgon, dersom partane ikkje blir samde.

LO Stat vil ta ut totalt 4.000 medlemmer i første streikeuttak, og forbundet konsentrerer seg særleg om Oslo og Trondheim, der ei rekkje tilsette ved Nav-kontor og skattekontor i dei to byane blir tekne ut. Også Oslo fengsel og Trondheim fengsel blir ramma. Det same gjer restaureringa av Nidaros domkyrkje.

LO Stat tek også ut ei rekkje tilsette i alle departementa og i mange underliggjande direktorat og etatar, mellom anna nærmare 200 tilsette i politiet og Politidirektoratet.

LO Stat-leiar Egil André Aas seier organisasjonen vil arbeida hardt for å finna ei løysing.

– Det er alltid målet. Samtidig er det slik at vi også må førebu oss på at dette endar med streik, seier han.

Kan stoppa eksamen

Unio vil ta ut 1.100 medlemmer i det første streikeuttaket sitt. Dette gjeld mellom anna tilsette på universitet og høgskular, ulike yrkesgrupper i politiet, skatterevisorar og Nav-tilsette.

– Ein streik vil ramma store delar av landet, og vil merkast spesielt i alle dei store byane, seier Kjetil Rekdal, som leier konfliktutvalet i Unio stat.

Ni av universiteta og høgskulane i landet kan bli tekne ut i streik torsdag 24. mai – noko som kan gjera at mange studentar ikkje vil få avlagt eksamen.

Dette gjeld Universitetet i Agder, Høgskolen i innlandet, Oslo Met – storbyuniversitetet, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø–Noregs arktiske universitet, Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet, NTNU, Høgskulen på Vestlandet (Bergen) og Universitetet i Bergen

Nøktern optimisme

Akademikerne tel i første omgang ut 814 medlemmer ved eit brot. Desse arbeider primært i Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Mattilsynet, Nav, Politiet, Departementenes tryggings- og serviceorganisasjon og Forsvarets forskingsinstitutt.

YS har varsla at dei vil ta ut 300 medlemmer frå departementa, Tolldirektoratet og Bjørgvin fengsel i Bergen i det første streikeuttaket sitt.

– Vi går inn i innspurten med nøktern optimisme, og håpar å koma fram til ein god avtale, seier YS Stat-leiar Pål N. Arnesen i ein uttale.

(©NPK)