FNs torturkomité: For mykje isolasjon i norske fengsel

FNs torturkomité kritiserer den høge bruken av isolasjon i norske fengsel, særleg når det gjeld psykisk sjuke fangar. 
innenriks

Fredag kom torturkomiteen med ein rapport om korleis Noreg etterlever FNs torturkonvensjon.

Komiteen er særleg uroa over den utstrekte bruken av isolasjon, både når det gjeld varetektsfangar og innsette. Bruken har auka, og det finst heller inga grense for kor lenge fengsla kan halde ein fange isolert. Det er kritikkverdig, konstaterer komiteen i rapporten.

Ein annan ting komiteen set fingeren på, og som har vore mykje framme i media den siste tida, mellom anna i ein NRK Brennpunkt-dokumentar, er korleis psykisk sjuke fangar blir haldne isolerte i fengsla.

– Ein svært stor del av fangane har psykiske problem og får ikkje god helsehjelp, heiter det i rapporten.

Den høge sjølvmordsraten blant varetektsfangar er òg urovekkjande.

– Klar tale

Direktør Petter Wille ved Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM) er glad for den klare talen frå torturkomiteen.

– FN speglar kritikken frå mange ulike aktørar i Noreg den siste tida i samband med manglande helsehjelp og utstrekt bruk av isolasjon. Om ikkje styresmaktene har skjønt alvoret for denne gruppa før no, bør dei i alle fall gjere det etter kritikken frå torturkomiteen, seier han til NTB.

Ifølgje FN er det særleg personar som er under fridomstap, som står i fare for å bli utsett for umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Dette gjeld særleg folk i politiarrest, fengsel og forvaring og pasientar under tvungent psykisk helsevern.

– Kjent i årevis

Noreg får særleg kritikk for at talet på personar som blir utsette for total isolasjon, har stige, ifølgje Wille.

Komiteen gjentar òg kritikken av at personar kan bli sitjande i varetekt i meir enn 48 timar før dei blir framstilte for ein domstol.

– Styresmaktene har visst om dette problemet i årevis og har hatt høve til å styrkje kapasiteten i kriminalomsorga og rettsstellet for å unngå slike fristbrot, meiner NIM-direktøren.

Det er åttande gongen FNs torturkomité vurderer Noregs etterleving av torturkonvensjonen, som Noreg slutta seg til i 1986. Komiteen er sett saman av ti uavhengige ekspertar, som FN har peika ut.

Elektrosjokk utan samtykke

Eit anna forhold komiteen peiker på, er bruken av elektrosjokkbehandling utan samtykke frå pasienten.

– Denne behandlinga går i dag føre seg utan heimel i lov. Det er eit heilt grunnleggjande krav i rettsstaten at inngrep overfor enkeltpersonar har grunnlag i lov. Det er derfor veldig alvorleg at denne forma for tvangsbehandling, som er svært inngripande overfor den det gjeld og kan ha irreversible verknader, blir praktisert utan lovgrunnlag, seier Wille.

(©NPK)