Godvêr i sør og gråvêr i nord i pinsehelga

Sør-Noreg får godvêr pinsehelga, mens i nord blir det grått og litt vått. 
innenriks

– I korte trekk er det Sør-Noreg som får det finaste vêret, seier statsmeteorolog Magni Svanevik ved Meteorologisk institutt til NTB.

Austafjells blir det rolege vindforhold og mykje sol. Også på Sørlandet blir det veldig fint vêr, spår ho.

Mange har nytt forsmaken på sommaren rundt om i landet, fram til nasjonaldagen kom og baud på litt kjøligare vêr, perfekt for bunad. Trass i lovnader om godvêr blir det ikkje så varmt i pinsa. Men på Sør- og Austlandet kan det komme opp i 20–22 grader.

– På Vestlandet blir det òg veldig fint, både laurdag, søndag og måndag, men kan hende litt meir skyete på søndagen, fortel Svanevik.

Det er ikkje venta nedbør nokon stad i Sør-Noreg.

Vind i vest

Tidlegare var det teikn til at ein kaldfront som er på veg inn, skulle slå inn heile vegen frå Sogn og Fjordane til Finnmark. No ser det ut til at det berre er dei tre nordlegaste fylka som får nedbør, opplyser meteorologen.

Men Sogn og Fjordane kjem til å få merke vinden utover kvelden på pinseaftan. Det kan bli stiv til sterk kuling nær Stad, og vinden held fram inn mot søndagen. Også Møre og Romsdal kan få stiv kuling. Både her og i Trøndelag blir det meir skyer enn lenger sør.

– Litt ufyseleg

Pinsa blir i alle fall ingen sommarfest i Nordland, Troms og Finnmark.

– I nord blir det eigentleg grått heile helga, lyder varselet frå Svanevik.

Ho melder om utsikter til regn og dessutan aukande vind på laurdagen. Utsette stader i Nordland, Troms og på kysten av Vest-Finnmark, blir det dessutan sørvestleg stiv kuling.

– Det blir litt ufyseleg vêr i nord. Lyspunkta her er Finnmarksvidda og Aust-Finnmark, som får lettare vêr. Det blir ikkje så mykje regn og kanskje glimt av sol laurdag og søndag, seier statsmeteorologen.

(©NPK)