Norsk gigantreiarlag tilset for første gong på mange år

Gigantreiarlaget Solstad Farstad varsla ny nedbemanningsrunde. No tilset firmaet for første gong på mange år.
innenriks

– Tidleg i januar låg vi an til ein bemanningsreduksjon, og sende ut varsling om at inntil 30 kunne mista jobben. Det blei reversert kort tid etter, då vi såg at det blei meir aktivitet enn vi trudde, seier HR-direktør Per Stange i Solstad Farstad til Sysla.

Overfor nettstaden seier Stange at Solstad Farstad er i ein situasjon der det må rekrutterast nye arbeidarar.

– Vi rekrutterer til alle typar stillingar, bortsett frå dei aller høgste, seier Stange om rekrutteringa som markerer eit skifte etter fleire år med nedbemanning.

Ifølgje Sysla reduserte reiarlaga Solstad Offshore og Farstad Shipping med høvesvis 500 og 700 personar frå 2013 til 2016, som etter samanslåinga i 2017 heiter Solstad Farstad.

(©NPK)