Norwegian stupte på børsen etter IAG-utsegn

Norwegian fall kraftig på børsen fredag etter at sjefen i International Airlines Group (IAG) sa at dei ikkje må kjøpe det norske flyselskapet.
innenriks

– Dette er ikkje ein avtale eg er nøydd til å gjennomføre. Vi har uttrykt ei interesse. Om dei ikkje ønskjer å bli kjøpt av IAG, så er det greitt. Eg er ikkje interessert i å gjere noko fiendtleg, det er ikkje min stil, sa IAG-direktør Willie Walsh til Reuters fredag. IAG (International Airlines Group) eig mellom anna British Airways.

Utsegna førte til at Norwegian-kursen fall kraftig på Oslo Børs. Ved stengjetid hadde aksjeverdien falle med 7,4 prosent sidan starten av dagen.

I byrjinga av mai fortalde styret i Norwegian at dei hadde avvist to konkrete bod frå IAG på heile det norske selskapet.

– Boda er vurderte saman med dei finansielle og juridiske rådgivarane til Norwegian og vart samrøystes avviste på grunnlag av at dei verdsette Norwegian og utsiktene til selskapet for lågt, slo Norwegian fast da.

(©NPK)