Rojalt bryllaup utan kommentarar på NRK

Sendinga frå bryllaupet mellom prins Harry og Meghan Markle laurdag går utan kommentarar på NRK.
innenriks

Sjølve bryllaupssendinga er korta ned med ein halv time i kvar ende i høve til den opphavlege planen. Og overføringa av bileta frå Storbritannia kjem til å gå utan kommentarar, får NTB opplyst frå NRK.

I forkant av bryllaupssendinga, som går frå 12 til 15, sender NRK ein dokumentar om Diana i reprise. I etterkant går dokumentaren «Da Harry møtte Meghan» og aktualitetsprogrammet «Invitasjon til eit kongeleg bryllaup» som planlagt, men med justerte sendetider.

Seinare på kvelden går Lørdagsrevyen ut samtidig som sendinga frå X Games Big Air for kvinner på Fornebu blir forlengd. Lotto-trekninga går som planlagt, mens resten av laurdagskvelden blir ei blanding av reprisar og nyoppsette program med mellom anna Fleksnes, Gitarkameratene og ein to år gammal Tidsbonanza.

Dei som skrur på NRK 1 søndag formiddag, får sjå ein fem år gammal gudsteneste frå Holmlia kyrkje. Seinare på kvelden blir det mellom anna høve til å sjå igjen «Der ingen skulle tru …» frå 2016 i dagsrevytid.

(©NPK)