Sjef i Forsvaret i retten for underslag

Torsdag startar rettssaka i Øvre Romerike tingrett mot ein pensjonert avdelingssjef i Forsvaret som er tiltalt for grovt underslag.
innenriks

Den tidlegare avdelingssjefen blei tiltalt etter at politiet fann vel 5.600 gjenstandar til ein verdi av 600.000 kroner som han hadde teke vare på.

Materiellet bestod av både uniformer, sekker, undertøy og andre klede, som både blei funne heime hos mannen og på ulike lager forskjellige stader i leiren til Forsvaret på Sessvollmoen. .

Skulle kasserast

I avhøyr har mannen forklart at det uansett var ting som skulle kastast. Han vedkjenner ikkje straffskyld, har forsvararen hans, advokat Jørgen Lægland, tidlegare uttalt.

Påtalemakta valde likevel å tiltala han for grovt underslag sidan han hadde tilgang på gjenstandane i kraft av stillinga si. Mannen er tiltalt etter §256 i straffelova, som har ei strafferamme på inntil seks år.

Verdien av gjenstandane er avrekna til rundt 600.000 kroner, men politiet meiner det i realiteten kan vera meir fordi ein del av gjenstandane er rekna som utrangert materiell og difor rekneskapsført til null kroner.

Brot på våpenlova

Mannen er også tiltalt for to brot på våpenlova. Det eine dreier seg om at han skal ha oppbevart ein slåsthanske i bilen sin, det andre at han skal ha hatt ein pistol og to magasin med skarpe skot i ei veske utanfor våpenskap.

I november i fjor blei fire personar, tre av dei tilsette i Forsvaret, funne skuldige i underslag av over 200.000 kroner ved å bruka bensinkortet til Forsvaret til private køyretøy.

(©NPK)