TV 2 med nær tredobla sjåartal 17. mai

Streik for den eine, gjev gode sjåartal for den andre: TV 2 opplevde nær ei tredobling av sjåartala for 17. mai-sendinga si i forhold til i fjor, og gjekk forbi NRK.
innenriks

På det meste følgde 300.000 sjåarar direktesendinga til TV 2, fortel Kampanje.

«God 17. mai Noreg»-programmet som gjekk på TV 2 frå klokka åtte på nasjonaldagen hadde i snitt 238.000 sjåarar – mens 87.000 sjåarar følgde same sendinga i fjor.

Marknadsdelen på programmet var på heile 54 prosent i målgruppa 10–79 år. På det meste var det 300.000 som var innom TV 2-sending torsdag.

Totalt enda marknadsdelen til TV 2 på 34,2 prosent (mot 13,7 i 2017), og Kampanje konstaterer at kanalen dermed var største tv-kanalen på 17. mai – og større enn NRK.

– 17. mai på tv er viktig for mange i Noreg, og det er naturleg at fleire vel TV 2 no når NRK er i streik. Det viser også at nordmenn likar den viktige jobben programleiarar, journalistar og fotografane gjer. Historiene som blir fortalde, gjestene og sjølve formidlinga betyr alt for ei god oppleving, seier TV 2s nyheitsdirektør, Karianne Solbrække.

(©NPK)