Tidal engasjerte sikkerheitsfirma for å granske «potensiell datalekkasje»

Strøymetenesta Tidal har engasjert ein tredjepart for å granska «en potensiell datalekkasje». Tiltaket kjem etter ei DN-sak om manipulerte lyttartal. 
innenriks

– Vi har engasjert eit uavhengig datatryggleiksfirma for å undersøkja kva som har hendt, og for å hjelpa oss å styrkja tryggleiken og integriteten til dataa våre, heiter det i ei pressemelding frå Tidal-direktør Richard Sanders.

I pressemeldinga nektar strøymetenesta for å ha manipulert lyttartala, slik Dagens Næringsliv (DN) skreiv tidlegare. Avisa omtalte lyttartala til superstjernene Beyoncés og Kanye West som kunstig oppblåste, noko som ifølgje DN betyr at dei har fått utbetalingar på kostnad av andre artistar.

Dette har på nytt ført til kraftige reaksjonar frå norske artistar. Måndag blei det kjent at musikkrettsorganisasjonen TONO melder Tidal.

– Vi er overraska over at Tidal ikkje har kome på banen og gjeve oss ei forklaring på det som kjem fram i artikkelen til DN sist veke. Dette er opplysningar som har sendt sjokkbølgjer inn i musikkbransjen i mange territorium, sa direktør Cato Strøm i TONO til DN.

I ei pressemelding frå Tidal fredag hevdar strøymetenesta at dei straks følgde opp det dei omtalar som «en potensiell datalekkasje».

– Då vi fekk vita om ein potensiell datalekkasje, tok vi straks til å avdekkja kva som skjedde gjennom fleire metodar. Dette inkluderte å ta kontakt med relevante styresmakter, vurdera rettslege steg og proaktivt å ta grep for å styrkja dei strenge tryggingstiltaka våre, skriv Tidal-direktør Richard Sanders, som omtalar artikkelen til DN som feilaktig.

DN-redaktør Amund Djuve avviser påstanden.

– Det vi har skildra, er korrekt, og vi har gjort grundig greie for framgangsmåte og metode i den opphavlege artikkelen. Det er påfallande at Tidal berre er oppteken av korleis DN har fått tak i dataa, men konsekvent unnlèt å kommentera kva desse dataa inneber, seier Djuve til NTB.

Når det gjeld eventuelle rettslege steg frå Tidal, seier DN-redaktøren at Tidal ikkje har teke kontakt med DN etter at artikkelen om manipulerte lyttartal.

(©NPK)