To arresterte etter dødsulykke i Masfjorden

To personar er arresterte i samband med at ein mann i 40-åra blei funnen død ved ein sykkel i Masfjorden i Hordaland natt til onsdag.
innenriks

Politiet etterforska først saka som ei ulykke, men nye opplysningar førte til at politiet arresterte to personar, skriv Bergensavisen.

– Dei er sikta for å ha gått frå nokon i hjelpelaus tilstand, opplyser politiadvokat Kjetil Linge Tomren i Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Bergensavisen skriv derimot at avisa får stadfesta frå anna hald at dei to arresterte er sikta for falsk forklaring. Begge blir framstilte for varetektsfengsling i Bergen tingrett fredag.

Mannen i 40-åra blei funnen død i ei veggrøft i Stordalen i Masfjorden i 1-tida natt til onsdag. Ein sykkel låg ved sida av mannen.

Det er venta at politiet vil kommentera saka ytterlegare i samband med fengslingsmøta fredag.

(©NPK)