Styresmaktene har brukt opp skogbrann-budsjettet

Styresmaktene har allereie brukt opp dei fem millionane som var sett av til beredskapshelikopter mot skogbrann. No må dei be justisdepartementet om meir pengar.

Skogbrann på Romsås. Helikopter slipper vann ned på brannen.   Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

innenriks

Brannvesenet har gjennom helga og måndag jobba på spreng med å sløkke skogbrannar rundt om i Sør-Noreg på grunn av høg temperatur og tørt vêr. Det har ført til at skogbrannbudsjettet allereie er brukt opp, melder NRK.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har skogbrannhelikopter i beredskap frå 15. april til 15. august i år. Vanlegvis er dei plasserte på Torp, men tørke og skogbrannfare gjer at dei blir plasserte på fleire basar rundt om i landet.

No har dei ni helikopter i beredskap i Sør-Noreg, og dei fleste av brannane i helga har blitt sløkt ved bruk av både bakkemannskap og helikopter.

– Eg blir overraska om det blir tatt avgjerder som gjer at vi må kutte ned beredskapen, seier DSB-direktør Anne Rygh Pedersen som no søkjer om nye middel.

Det blir framleis meldt om høgste farenivå, «svært stor skogbrannfare», i store delar av landet tysdag.

(©NPK)