Svak nedgang på Oslo Børs

Oslo Børs' hovudindeks passerte onsdag nok ein gong den historisk høge 900 poenggrensa, men enda ved stengjetid på 896,00 poeng.
innenriks

Tysdag passerte hovudindeksen 900 poeng for aller første gong. Onsdag skjedde det igjen ved lunsjtider, men etter nedgang for fleire aksjar fall hovudindeksen til slutt med 0,24 prosent til 896,00 poeng.

På omsetningstoppen låg Equinor framfor Yara, etterfølgt av DNB, Marine Harvest og Telenor. Equinor-aksjen fall med 0,88 prosent etter ein omsetning på 641,2 millionar kroner. Yara fall også med 1,48 prosent medan DNB steig med 0,25 prosent. Marine Harvest steig med 0,25 prosent, medan Telenor fall med 1,13 prosent.

Norwegian enda dagen med raude tal og var blant dei som gjekk mest tilbake gjennom dagen, med eit fall på 3,84 prosent. Norwegian annonserte onsdag at dei til hausten opprettar direkterute mellom Oslo og Tel Aviv i Israel.

Nordic Nanovector fekk nok ein knalldag på børsen, med ei stigning på heile 8,87 prosent. Onsdag vart det kjent at legemiddelselskapet har får godkjenning frå Regionale komiteer for medisinsk og helsefagleg forskningsetikk for oppstart av ny studie i Noreg, ifølgje Hegnar.no. Den siste veka har aksjen stige med over 30 prosent i verdi etter fleire gode nyheiter.

Prisen på eit fat nordsjøolje har stige med 1,34 prosent gjennom dagen til 76,42 dollar. Prisen på amerikansk lettolje låg på 66,37 dollar per fat.

– Oljeprisane er for høge, OPEC er på ferde igjen. Ikkje bra!, skreiv USAs president Donald Trump på sin Twitter onsdag. Trump har også tidlegare gått hardt ut mot oljekartellet OPEC for det han meiner er kunstig høge oljeprisar.

(©NPK)