66 prosent fullfører høgare utdanning

66 prosent av studentane fullfører høgare utdanning ved universitet og høgskular. Det får Norsk studentorganisasjon til å reagere.
innenriks

Norsk studentorganisasjon (NSO) seier den økonomiske situasjonen er øydeleggjande for utdanninga.



– Studiestøtta er for låg. Dette gjer at fleire studentar må bruke tid på deltidsjobben framfor i kollokviegruppene, lesesalen eller forelesninga. Utdanningsinstitusjonane lar i for stor grad studentar segle sin eigen sjø. Noko studentar år etter år spør etter er meir oppfølging og rettleiing. Det er openbert at ein må sjå dette i samanheng, seier leiaren i NSO, Mats Johansen Beldo.

Det er utdanningar som varer i to til fire år som har høgast del som fullfører graden sin, 40 prosent av dei som starta i 2009, hadde fullført i løpet av åtte år, viser tal frå SSB.

24 prosent av dei som starta på ei utdanning på meir enn fire år, fullførte. 0,5 prosent fullførte ein doktorgrad.

(©NPK)