Buss køyrde i fjellveggen i Årdal – sjåføren døydde

Sjåføren omkom då bussen han køyrde trefte fjellveggen på fylkesveg 53 i Sogn og Fjordane torsdag ettermiddag. Det var ingen passasjerar i bussen.
innenriks

Politiet melde om ulykka klokka 16.17 torsdag ettermiddag. Alle nødetatar rykte ut til ulykkesstaden mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

– Ein buss har køyrt i fjellveggen. Berre føraren i bussen, ingen passasjerar, fortalde politiet på Twitter.

– I samband med bussulykka i Årdal kan politiet opplysa at føraren av bussen dessverre er død. Den omkomne er ein 61 år gammal mann frå Sogn, skriv politiet i ei pressemelding torsdag kveld.


Politiet opplyser vidare at sjåføren blei erklært død på ulykkesstaden. Familien til den døde er varsla.

Ulykka skjedde ved Rausnes om lag to kilometer frå Øvre Årdal. Det skal ha blitt store materielle skadar på bussen. Helse Førde sende ein luftambulanse med lege til staden.

(©NPK)