Ein stolt og VM-klar Hareide oppsummerte året for KrF

Det var ein stolt og VM-klar Knut Arild Hareide som oppsummerte året for KrF: – Det som er felles for KrF og Brasil, er at vi spelar med hjarta utanpå drakta.
innenriks

– Vi må innrømme at det gule laget sleit i valkampen. Det gule laget (Brasil) sleit for nokre år sidan då dei tapte 1–7. Vi håpar at Brasil skal få eit betre VM, og det som er felles for KrF og Brasil, er at vi spelar med hjarta utanpå drakta.

Blant anna trekte Hareide fram diskusjonen rundt kjernesakene søndagen og bioteknologi som vesentleg for fremtiden til KrF.

– Det er politiske parti som vil ha søndag som full shoppingdag. Det skal ikkje skje, søndag skal bevarast til familie og venner, sa Hareide.

Det har vore mykje diskusjonar rundt framtida til KrF, om dei burde gå inn i regjeringa i staden for den vippeposisjonen dei no er i.

- Vi er i ein unik posisjon, men vippeporsjon er ikkje berre enkel. Ein av grunnane er at vi brukar mykje politisk kapital på feila til regjeringa. Vi startar ein del fotballkampar 0-2, og så må vi score to mål for å berre rette opp igjen feila, sa Hareide om posisjonen til KrF.

(©NPK)