Finansdepartementet seier ja Vipps-fusjon

Finansdepartementet seier ja til det som truleg blir det største selskapet i Norden innan betalingstenester. Vipps, BankAxept og BankID får slå seg saman.
innenriks

− Kvar for seg har selskapa levert marknadsleiande tenester, saman skal vi levera enkle brukaropplevingar i verdsklasse, seier Vipps-sjef Rune Garborg i ei pressemelding.

Tidlegare har både Finanstilsynet og Konkurransetilsynet godkjent fusjonen under visse føresetnader. Mellom anna stilte Konkurransetilsynet krav om at det nye selskapet mellom anna tilbyr BankID-tenester på ikkje-diskriminerande vilkår til konkurrentar.

Selskapet, som er eigd av norske banker, hevdar sjølv at dei blir størst i Norden innan betaling og identifisering. Planen er no å gjera det lettare å bruka desse tenestene.

− Vi skal forenkla for brukarane ved å fjerna både papirfakturaen og behovet for kortnummer og utløpsdato ved netthandel. Brukarnamn og passord skal vera borte om to år. Det gjer vi ved å samla kompetansen, teknologien og innovasjonskrafta som finst i dei tre selskapa, seier Garborg.

Alle dei tre tenestene som no fusjonerer er eigd i fellesskap av norske bankar.

– Det unike samarbeidet mellom norske banker sikrar eit nasjonalt alternativ som står sterkt når konkurransen innan betaling og identifisering blir internasjonal, heiter det i pressemeldinga.

(©NPK)