Helse sør-aust skrotar milliardavtale om utflagging av IT

Styret i Helse sør-aust har bestemt seg for å droppa milliardavtalen om å outsourca IT-systema i helseføretaket, ifølgje NRK.
innenriks

Kanalen skriv at styret i Helse sør-aust har vedteke å avbestilla heile kontrakten om utflagging av IKT-infrastruktur med selskapet DXC.

Det er eitt år sidan NRK avslørte at IT-arbeidarar i mellom anna Malaysia, India og Bulgaria hadde tilgangar til pasientdata, sjølv før formell overtaking av IT-systema. Dette var i strid med alle lovnader som var gjevne til Stortinget, og heile avtalen blei straks sett på vent.

(©NPK)