IAG vil framleis kjøpe Norwegian

Det britisk-spanske luftfartskonsernet IAG avviser framleis ikkje moglegheitene for eit oppkjøp av flyselskapet Norwegian, skriv E24.
innenriks

Det kjem fram i årsrapporten til konsernet som ser på selskapet med «ope sinn», skriv E24

Etter nyheita steig aksjekursen til Norwegian med rundt 2 prosent.

Tidlegare i veka bekrefta Norwegian at dei har fått meldingar frå fleire aktørar som er interesserte i aksjekjøp eller andre former for samarbeid.

– Selskapet har fått meldingar frå ei rad partar som har uttrykt indikativ og førebels interesse for aksjekjøp, samanslåing, strukturelle transaksjonar, finansiering av konsernet og varierande former for operasjonelt og finansielt samarbeid, skreiv Norwegian i børsmeldinga.

(©NPK)