Ingen stortingsrepresentantar ville forsvare eigen lønnsauke

Trass i innstendige oppfordringar frå venstrefløya og MDG, ville ingen stortingsrepresentantar for dei største partia forsvare lønnsauken dei går inn for.
innenriks

Både Raudts Bjørnar Moxnes og SVs Lars Haltbrekken bad dei andre partia om å ta ordet då saka vart behandla i Stortinget torsdag formiddag. Dei to partia og MDG har levert kvar sine forslag om lønnskutt eller ein lågare auke enn det fleirtalet vil gå inn for.

Men ingen frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti eller Senterpartiet ville gå på talarstolen og argumentere for at det er rimeleg med ein lønnsauke på 28.000 kroner.

– La handling følgje ord

Moxnes viste til at fleire representantar hadde tatt til orde for at dei sjølve må bidra til å dekke inn kostnadsoverskridingane i Stortingets byggjeprosjekt.

– Fleire parti sa: No må vi stramme inn for ikkje å sende heile rekninga til folk flest. No står vi her og har sjansen til å la handling følgje ord. Dei partia som er for lønnsauken bør ta ordet i debatten i dag og stå fram med rak rygg, sa Moxnes.

Han påpeikte at lønna i denne stortingsperioden ligg an til å komme over millionen.

Dei folkevalde vedtar torsdag både si eiga lønn og lønna til statsrådane og statsministeren. Stortingets presidentskap har gått inn for å auke lønna med 2,8 prosent, og viser til ramma for lønnsoppgjeret. Då blir godtgjeringa på 956.463 kroner.

Foreslår lønnskutt

Raudt har foreslått at stortingspolitikarar bør tene 8 G (grunnbeløpet i folketrygda), noko som i år svarar til 775.000 kroner, og inneber altså eit lønnskutt. SV er for ein lønnsauke, men meiner den bør motsvare endringa for folketrygdpensjonen i kroner, mens MDG vil ha ein lønnsfrys i tre år for å bidra til å dekke inn for byggjeskandalen.

– Når er det nok? Og kven skal gå føre og reflektere over kva som er nok? spurde Per Espen Stoknes (MDG) retorisk.

Han fekk ikkje noko svar.

(©NPK)