Justisministeren vil væpne politipatruljar i Oslo

Justisminister Tor Mikkel Wara går inn for mellombels væpning av enkelte politipatruljar i Oslo. Forslaget skal debatterast på Stortinget.
innenriks

Det melder Dagbladet. Avisa refererer til stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen.

– Det blir ei utgreiing frå justis-, beredskaps- og innvandringsministeren om mellombels væpning av enkelte politipatruljar i Oslo. Det vil bli foreslått debatt umiddelbart etter utgreiing, sa Trøen torsdag frå Stortingets talarstol.

(©NPK)