Oslo Børs svakt opp torsdag

Hovudindeksen på Oslo Børs steig svakt med 0,25 prosent torsdag og enda på 898,23 poeng,
innenriks

Handelen torsdag starta med nedgang og raude tal, men utviklinga snudde etter nyheiter frå Den europeiske sentralbanken (ESB). Banken varsla at han vil innstilla støtteoppkjøpa sine av statsobligasjonar ved årsskiftet. Samtidig blei det kunngjort at styringsrenta blir halden uendra på 0 prosent og at det låge rentenivået vil halda seg fram til sommaren 2019.

Støtteprogrammet for dei 19 eurolanda blei introdusert då finanskrisa rulla inn over EU for ti år sidan.

Equinor var som vanleg den mest omsette aksjen på børsen og kursen hadde gått opp heile 1,72 prosent då handelen stengde. Også verdipapira til oljeserviceselskapet Subsea 7 blei den nest mest omsette torsdag og kursen for dette selskapet steig med 1,71 prosent. Gjødselprodusenten Yara gjekk tilbake 1,98 prosent. Tilbakegang blei det også for Telenor (-0,18 prosent) og lakseprodusenten Marine Harvest (-0,03 prosent). Norsk Hydro gjekk tilbake 0,93 prosent etter at nyheita kom om at administrerande direktør Svein Richard Brandtzæg i selskapet er kalla inn til ei høyring i Brasil for å forklara seg om dei påståtte utsleppa ved anlegget Alunorte.

DNB steig med 0,57 prosent. Etter stengjetid kom også meldinga om at Finansdepartementet har godkjent fusjonen mellom det tidlegare DNB-eigde Vipps og banktenestene BankAxept og BankID. Selskapet, som er eigd av norske banker, hevdar sjølv at dei blir det største i Norden innan betaling og identifisering.

Spekulasjonane rundt eit mogleg sal av flyselskapet Norwegian heldt fram torsdag ved at det britisk-spanske luftfartskonsernet IAG framleis ikkje ser bort frå moglegheitene for eit oppkjøp av flyselskapet. Norwegian-aksjen steig heile 3,36 prosent.

Også på dei andre europeiske børsane gjekk utviklinga i pluss etter nyheita frå EUs sentralbank. CAC 40 gjekk opp 1,39 prosent og tyske DAX 30 steig heile 1,89 prosent. I London gjekk FTSE-indeksen opp med 0,81 prosent.

Nordsjøolje blei omsett for 75,90 dollar fatet torsdag. Amerikansk lettolje blei seld for 66,67 dollar.

(©NPK)