Bane Nor skal tildela Intercity-kontraktar for 60 milliardar kroner dei neste tre åra

Utbygginga av jernbanen på Austlandet er i gang fleire stader. Dei neste tre åra skal det tildelast kontraktar for 60 milliardar kroner på Intercity-satsinga.
innenriks

– I dei neste tre åra planlegg Bane Nor å gå i marknaden med kontraktar for 60 milliardar kroner for bygging av nye dobbeltsporparsellar på Austlandet, seier Henning Scheel, marknads- og kontraktsdirektør i Bane Nor i ei pressemelding.

Kontraktane omfattar byggjeprosjekt på Vestfoldbanen, Østfoldbanen, Dovrebanen og Ringeriksbanen.

Nokre av utbyggingane nærmar seg no ferdige. I september vil reisande på Vestfoldbanen få kutta reisetida mellom Porsgrunn og Larvik med 20 minutt. I 2021 opnar det nye dobbeltsporet mellom Oslo og Ski, og reisetida blir då halvert til elleve minutt.

Intercity-prosjektet har dei siste månadene vore prega av utsetjingar og etterfølgjande politiske utspel.

For litt over eitt år sidan vedtok Stortinget at det skal byggjast dobbeltspora jernbane mellom dei sentrale byane på Austlandet innan 2024.

Bane Nor konkluderte så med at dette er urealistisk, og 4. juli vedtok Jernbanedirektoratet eit forslag om å utsetja utbygginga av dobbeltspor til Fredrikstad med tre år, Hamar med to år og Hønefoss med fire år.

Avgjerda blei kritisert både av NHO, SV og Ap. Avgjerda til Jernbanedirektoratet viser at det ikkje lenger er Stortinget som bestemmer over jernbaneutbygginga i Noreg, meinte Arbeidarpartiet.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) streka då under at det ikkje er heile prosjektet som utsett, men at enkelte strekningar tek lengre tid å ferdigstilla.

(©NPK)