Fleire skogbrannar i Sør-Noreg

Det er stor skogbrannfare i Sør-Noreg, og det har brote ut skogbrann i både Aust-Agder og Oppland.
innenriks

Ein skogbrann spreidde seg onsdag kveld utover eit område på fem mål i Risør i Aust-Agder. Brannvesenet arbeider med sløkking.

Ifølgje politiet er brannområdet nær Hødnebø nord for byen Risør. Agderposten skriv at eit brannhelikopter var i gang med sløkkingsarbeid rundt klokka 18.

Like etter klokka 19 opplyste Hans Henrik Bakke i brannvesenet i Agder at de hadde kontroll på brannen. Det var ikkje lenger opne flammar på staden, men mykje varme i terrenget.

– Vi sit og ser på varmesøkjande kamera, og for augneblinken har vi ei god kjensle på at vi skal halda brannområdet som det er, seier Bakke til avisa. Han seier det truleg er lynnedslag som er årsaka til brannen.

Samtidig ber 110-sentralen Telemark folk i Kragerø, Stabbestad og Gjerstad om å halda vindauga lukka i nokre timar på grunn av røyk frå brannen.

Brann i Oppland

Det brenn også i Oppland, mellom Sel og Vågå.

– Det er snakk om ein skogbrann på ei strekning som utgjer om lag 150 til 250 meter under høgspentlinja, opplyser vaktleiar Trond Linnerud ved 110-sentralen til Gudbrandsdølen Dagningen.

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 17.30. Ein time seinare hadde brannvesenet ikkje kontroll på brannen. Eit sløkkingshelikopter hjelper til i sløkkjearbeidet, og det kan bli aktuelt å rekvirera endå eit helikopter. Også sivilforsvaret er kalla inn.

Det er førebels ikkje kjent kva som er årsak til brannen.

Fleire brannar

Brannane kjem på eit tidspunkt der det er stor skogbrannfare i store delar av Sør-Noreg.

Tysdag tok det til å brenna i Froland, ein annan kommune i Aust-Agder, men brannvesenet klarte å stoppa flammane etter at eit område på 90 mål skog blei svidd av.

(©NPK)