– Det er ingen tvil om at vi begge ønskjer ein restriktiv innvandringspolitikk. Dei ønskjer å bevara svensk kultur og fellesskap, på same måte som vi ønskjer å bevara den norske nasjonalstaten, seier Tybring-Gjedde til NRK.
Partitoppar i Framstegspartiet har tidlegare teke tydeleg avstand til det høgrepopulistiske og innvandringskritiske partiet Sverigedemokraterna. Under det svenske riksdagsvalet i 2014 kalla partileiar Siv Jensen oppslutnaden til partiet for eit sjukdomsteikn, og sa same året at partiet var stifta som eit reint framandfiendtleg parti.
Tybring-Gjedde seier no at det er fleire likskapsteikn mellom Frp og Sverigedemokraterna, og meiner partiet ikkje er det same i dag som då det blei stifta.
– Alle parti har ulik bakgrunn. Det vi innrettar oss etter er det partiet er i dag. I dag er ikkje Sverigedemokraterna eit rasistisk parti, seier han.
Tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen har også uttrykt eit ønske om samarbeid. Han stadfestar overfor NRK at han støttar Tybring-Gjedde.
Helge André Njåstad, parlamentariske nestleiar i Frp, seier likevel at eit samarbeid med Sverigedemokraterna ikkje er tema per dags dato.
(©NPK)