Gulating og Hansa Borg inngår samarbeid

Bryggerikjempa Hansa Borg har inngått samarbeid med handverksølkjeda Gulating. Målet til Gulating er å bli Norges største pubkjede.
innenriks

– Gulating er bygd på ein grunnidé om å gjera det store mangfaldet av norsk handverksbryggja øl tilgjengeleg, og å la folket sjølv bestemma. Det har difor vore heilt avgjerande for oss å knyta til oss ein solid samarbeidspartnar som tek handverksbryggja øl på alvor, og som i tillegg gjer oss i stand til å halda oppe ein høg nok veksttakt til at Gulating blir den leiande aktøren i pubmarknaden i dag, seier administrerande direktør Rolf Ivar Skår i Gulating Gruppen AS i ei pressemelding.

Gulating-kjeda har i dag åtte pubar og 23 ølutsal, som har søkjelys på handverksøl. Framover har Gulating ambisjonar om å etablera ti nye pubar i året, noko som ifølgje E24 vil kosta eigarane 100 millionar kroner i investeringar. Samarbeidet med Hansa Borg skal bidra til dette.

Gulating Gruppen vil førebels ikkje seia noko om kor mykje Hansa Borg bidreg med, men det er vanleg at dei store bryggeria betaler for å få ølet sitt inn på pubar.

– Det er viktig for oss å få fram at vi ikkje har selt sjela i denne avtalen. Vi har ikkje selt nokre aksjar i selskapet og har heller ingen planar om det, seier økonomidirektør Lasse Olberg til E24.

(©NPK)