Helsedirektoratet slår alarm om gonorésmitte

Talet på tilfelle av gonoré i Noreg auka med 28 prosent frå 2016 til 2017. Helsedirektoratet fryktar at utviklinga held fram i sommar.
innenriks

– Sommaren er ein tid for kjærleik, og det er viktig å hugsa på at det har vore ein auke i seksuelt overførbare sjukdommar som klamydia og gonoré. Gonoré er i mange tilfelle antibiotikaresistent, seier direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet til NTB.

Så langt i år er det registrert 663 gonoré-diagnosar, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Oversikta til instituttet viser at talet på registrerte tilfelle i fjor var 1.399, ein auke på 28 prosent samanlikna med 2016. Auken var størst blant menn som har sex med menn, der talet på tilfelle av gonoré i fjor auka med 50 prosent samanlikna med året før.

Ber folk bruka kondom

Helsedirektoratet fryktar at utviklinga held fram i sommar.

– Spreiinga kjem i ein periode med mindre bruk av kondom og ganske omfattande reisevanar. Mange blir smitta i Asia, Afrika og Sør-Europa, seier Guldvog.

Han strekar under at gonoré kan føra til alvorlege infeksjonar, ubehag og sterilitet.

– Den tryggaste måten å sikra seg på er å bruka kondom. Det er eit råd vi har gått tungt ut med, særleg i retning ungdom, seier Guldvog.

Urovekkjande spreiing

I mars uttrykte også seniorrådgjevar Øivind Nilsen i FHI stor bekymring i samband med gonoréspredningen.

– Gonoré er ein av dei mikrobane vi kjenner med størst potensial for antibiotikaresistens. Mens vi tidlegare kunne bruka vanleg penicillin er vi i dag der at behandlinga må gjerast intravenøs, og vi har berre éin type antibiotika som er effektiv. Vi ser aukande tilfelle i Noreg og verda av resistens mot medisinen vi bruker no, seier Nilsen.

– Kombinert med at sjukdommen blir oppfatta som lett og behandla og ikkje veldig alvorleg, er dette urovekkjande, la Nilsen til.

(©NPK)